
I DAG ER EIN FIN DAG
Roman av Ingrid.Z.Aanestad
” Ei kråke står på steingolvet i oppgangen når Maria kjem ut frå hybelen ein tidleg morgon. Kråka hoppar bortover golvet og stiller seg under postkassestativet, ho står der heilt stille. Kråka opnar nebbet mot Maria. Maria går ut i den kalde morgonen, i dag kan ho sjå ein spiss måne mellom hustaka.”
Ingrid Z.Aanestad debutere med denne boka i en alder av 22 år. Ingrid Aanestad vaks opp på Klepp kommune i Rogaland. Ho studerte ved Forfatterstudiet i Bø, og seinare ved Litterär gestaltning i Göteborg.
Boka handlar om 21 år gamle Maria som har flytta aleine til ein liten hybel i ein ukjent by, kor ho er kunststudent. Handlinga i boka kan være i kvifor ein som helst by i heile verda, det er ingenting som gjer noko hint om kvar handlinga finn stad.
<> handlar om små kvardagslige hendingar og observasjonar. Maria fremstår som ei usikker og tilbakehalden jente, og tankane hennar reflekterar den dårlige sjølvtilliten ho har. Her er det mykje som forblir usagt, og lesaren sitter med mykje spørsmål. Lesaren blir, som Maria, ein observatør som står utanfor det som skjer. Denne skrivemåten gjer at lesaren får eit unikt innblikk i kjenslelivet til den lågmælte Maria. Det er her personlegdomen til Maria blir kjend for lesaren, det er her vi forstår grunnane til at ting blir som dei blir.
Likevel er det heile tida noko fjernt over boka.. Boka er nærmast ei skildring over hendingsforløpet i kvardagen til Maria. Ho står opp, går på butikken, på biblioteket, et middag og legg seg.
Sjølv om Maria har eit stort behov for varme, er det mykje kulde i livet hennar. Og det er ein markant forskjell i historia når ho omhandlar varme. Då har Maria det fint, sjølv om lesaren får inntrykk av at ho er einsam, skjør og forsiktig. Men er ho eigentleg det?
Dette er ein stilleståande roman ,boka er veldig lett lest, setningane er korte og enkle . Når det er sagt så synes eg personleg at boken blei litt einsformig, den har ikkje noko høgdepunkt og ein sitt heile tida og ventar på at noko skal skje. Eg leste med spenning den siste sida i den korte romanen, men satt igjen med ein følelse av tomleik og skuffelse.
Vil konkludera med at boka er fin og gjer deg ein varm kjensle saman med mykje undring medan du les den, men noko manglar for å gjere den meir interessant.
Analyse av: Charlotte
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar